mandag 10. september 2012

Bergen Singlehanded

Foto: Lars Henrik Hjellestad og Casper Garvik Larssen

Har deltatt i Pelle P Bergen Singlehanded regatta i helga. Som navnet seier så har ein ikkje lov til å ha mannskap med ombord.
Var usikker på om eg skulle delta heilt til det var 5 minutt igjen før tidsfristen for påmeldinga
gjekk ut.
Eg var då nr 62 som meldte seg på regattaen. Det vart ein kjempeflott opplevelse.

Tok turen til Hjellestad i 2 etapper. Først fra Eldøy til Fitjar torsdag den 6.9. Så vidare fredagen etter arbeidstid, var framme på Hjellestad ca kl 1900.
S/Y Silje

Fredagskvelden inviterte John alle fra Stord Seilforening ombord til gryterett med noko attåt.
Det vart ein kjekk kveld med mykje seilprat om strategi, seil, lys-tal osv.

Lørdagen og avgårde til starten som gjekk kl 1100. Med vind fra vest  som var meldt aukande til 10 m/s for så å stillna til 3 m/s utover ettermiddagen.
Starten har gått
 Første gang eg deltar i regatta åleina og med så mange båtar på startstreken. Litt for sein i starten som vanleg, valgte å gå opp mot land på lo side ut mot Marstein. Det gjekk bra, og ved Marstein så var eg fornøyd med plasseringa.
Vinden auka på og bølger på 2 meter, fekk eg ein lite kjekk vending. Akterlik stramaren på genoan hengte seg opp i lina til vimpelen som er festa på masta. Med blafrande seil og sjøgang fekk eg heldigvis løysna genoan, og kunne forsetja mot den nordlegaste rundingsbøyen ute i havet.



Marstein fyr

Seilte litt "defansivt" utover, for å unngå å missta styringa og ufrivilleg gå over stag.
Det var godt å runda og få sløra til neste merke utanfor Marstein fyr.
Etter jibbing rundt ein av redningsselskapet sine båter der var det strake veien mot mål.
Men så stillna vinden og utan genaker på sløren så tok mange båtar meg igjen.

Eg såg sjansen til å seila forbi Free Spirit ein  båt av samme type som min, som hadde vært framfor meg under heile regatten. Eg valgte å gå litt meir midt i fjorden og klarte å "reka" forbi. Og kom i mål nokre sekundar før.



Etter målplassering så var det motorseiling heimover. Var i framme i Eldøya ca. kl 2200.
Ei flott seilerhelg som fristar til gjentakelse.

Det var 7 båtar fra Stord Seilforening som deltok, svært bra.
Kan legga til at eg vart nr 5 i klassen. (av 8 båtar). Og nr 49 overall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar