mandag 1. oktober 2012

Liten oppdatering

Lenge siden sist eg oppdaterte bloggen.
Har vært på overnattingstur med heile familien til Naustbakken på Bømlo.
Kjekt med ein hausttur og ekstra kjekt når været er bra.
Solnedgang på Bømlo

Var også ein kveldstur til Leirvik med internasjonalt mannskap.
To frå Finland, to frå Malaysia, Pim frå Thailand forutan meg og Johanna.
Det var ein frisk austlig vind, der me kun seilte med ein del av genoaen.
Men farten var bra, 6.5 knop, og passelig krenging for dei som aldri hadde vært
i seilbåt før.





Har også deltatt på sesongens siste tirsdagsseilas.
Denne gangen var det 9 båtar med.
Start frå Leirvik med styrbord runding av Hidle.
Fin vind, men med svært mykje straum i fjorden.
Syntes at farten i båten var god, men me skulle stått litt lenger
mot Hidle før me vende. Hadde ikkje genakeren oppe denne gang.
Med frisk austlig vind opp i 10 m/s og regn, så valgte me kaffie og sjokolade
i stadenfor.
Ein fin tur denne gangen også, der me til slutt vart nr 5.
Mannskap: Per Svein og Joao.
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar