onsdag 12. juni 2013

Stord Rundt

Fredag den 7. juni kl 1930 gjekk starten for årets Stord Rundt regatta. Ved Bjelkarøy utanfor Hjellestad.
Eg tok båten opp til Fitjar torsdagen. Per Svein, Joao og meg starta ut frå Fitjar fredagen i 1530 tida, gjekk for motor heile vegen til Bjelkarøy.

Nordvestlig vind styrke 4-5 m/s som også var meldt fleire dager på førehand.
Det var ein start kl 1900 og ein kl 1930. Me starta i klassen med gennaker. Dette pga av at det skulle bli fin nordveslig vind gjennom natta.
Men rett før start dreide vinden til meir sør vestlig så me fekk ikkje benytta gennakeren før ved Austvolls landet.

Svært varierande vind gjennom heile seilasen for vår del, og med lite vind sakka me akterut i forhold til mange av konkurrentane.
Fekk litt vind i Korsfjorden, men den løya og me vart liggande i ein del bølger og liten fremdrift.
Ved passering av Sigleflu så vart vinden omtrent platt lens heilt til Store Hestholmen.
Me prøvde med gennakeren utan særlig hell. Og valgte etter ei stund å kun seila med genoaen igjen.
Vinden løya meir utover natta og me rek heldigvis medstraums med 1-2 knop.
Inn mot Leirvik og mål gjekk det sakte bortsett frå eit par råser ved Kværner Stord.
Sleit oss i mål i omtrent null vind ca kl 0625.
Det var ikkje mange båtar bak oss for å sei da sånn.
Men ein fin natt seilas hadde me gjennomført.


Per Svein

Joao

Ved starten



Ved Sigleflu. Foto Tørres Edvardsen

Ved Sponavika. Foto Ragnar Rommetveit