onsdag 28. august 2013

Håkonarseilasen - Brandasund

I år vart eg med på Håkonarseilasen, mange år sidan sist.
Eit fantasisk vær, sol og minst 20 grader.

Det blei soloseilas på meg, og med ein autopilot som ikkje alltid er til å stola på så kan det
fort bli litt hektisk.
Ein sørlig bris gjorde at det blei platt lens frå Spissøy og heilt til me runda inn Kyrkjesundet.

Ein kjekk kveld vart det i Brandasund og god fiskasuppa fekk me servert på Fabrikkloftet.
Mykje seilprat utover kvelden vart det også sjølvsagt.

Søndagen var det meldt samme vinden, men minkande utover dagen.
Fekk fin kryss sørover med 3-4 m/s før vinden stillna heilt ved passering av Sagvåg.
0,0 m/s på vindmålaren og motstraum gjorde at det tok tid å nå Bømlabrua.
Men fekk ein liten trekk til slutt og rek i mål i motstraumen.

Brandasund





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar