onsdag 21. august 2013

Tur til Espevær

Tysdag kvelden den 20. aug.
Tur til Espevær i lett overskya vær og sør vestlig vind 3-4 m/s.
Altså vinden rett i mot. Gjekk for motor.
Når eg kom til Espevær fortøyde eg attmed ein båt av samme type berre 3 for lengre.

Gjekk ein tur til toppen av fjellet for å ta bilder og få litt trim. Espevær er ein svært fredelig og fin plass.
Overnatta  der til i dag.
På heimvegen fekk eg seilt ein del. Men vinden spakna innover fjorden så eg måtte starta motoren.
Ein fin tur.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar