mandag 5. mai 2014

Gnuen - første regattaen i år

Søndag den 4. mai stillte fire båter til start i årets første regatta i regi av Stord Seilforening.
(Det burde vært fleire i eit slikt fint vær.)
Været vart som det var meldt på Yr, sol og ein fin sør austlig bris 1-5 m/s.
Starten som vanleg på Leirvik med runding av Grovaholmen lykt og vidare til Fjæraflu ved Huglo, rundt Hidle og tilbake til Leirvik.

Ved runding av Midtøy sette me gennakeren, og fekk fin medvind nordover Langenuen.
Etter Fjæreflu så var det kryss til Hidle, og ein litt aukande bris så gjorde at me god fart. Frå Hidle til Leirvik og mål så klarte me å halde kursen utan fleire kryssingar.

Når det gjeld plassering så vart det ein ikkje uventa 4. plass.
Oppsummering: Ein flott seilas i eit nydeligt vårvær.